Karl Seglem Tidlaust landskap Vision of the Fjords - Video
PUBLISHED:  Mar 20, 2017
DESCRIPTION:
Under Nynorske litteraturdagar 2016 vart konserten «Tidlaust landskap» urframført på båten Vision of the Fjords i Nærøyfjorden. At urframføringa skjedde ute på dekk på ein av dei mest moderne og nyvinnande farkostar som er oppfunne, i eit ur-gammalt landskap, er eit paradoks vi ser på som ein stor styrke. Ideen bak konserten vart utvikla av forteljar Jorunn Barane i samarbeid med musikarane Karl Seglem og Jonas Howden Sjøvaag. Konserten vart der bygd rundt møtet mellom Verdsarven i Vestnorsk fjordlandskap og den norrøne skapingsmyta.

Ta kontakt om du vil ha konsert med oss.

"Tidlaust Landskap" er noko heilt eineståande, ein "once in a lifetime concert" på ein stad dei fleste kun opplever ein gang i livet. Ein kan tenkja seg at denne konsert blir presentert for ikkje altfor store grupper i gangen. Konserten er ikkje krevande teknisk, men både lyd og lysutstyret og arenaen må vera på best mulig nivå, og konserten presenterast som noko eksklusivt. Korleis dette kan gjerast, kva vegar "Tidlaust landskap" kan presenterast inn for ulike besøk og kundegrupper må drøftast med ulike aktørar.

Melding av konserten: http://www.porten.no/artikler/kultur/akkurat-sa-magisk-som-eg-hadde-hapa .
follow us on Twitter      Contact      Privacy Policy      Terms of Service
Copyright © BANDMINE // All Right Reserved
Return to top