Setningsanalysesongen: Syntaks er kult! - Jens Haugan - Video
PUBLISHED:  Nov 02, 2012
DESCRIPTION:
Setningsanalysesongen: Syntaks er kult! - Jens Haugan, 31.10.2012
Please check out the new, visually upgraded, version, with English translation. Search for "setningsanalysesongen". :-) (http://youtu.be/M0HGlprbu8E)

1. Eg skal analysere setningar.
Korleis skal eg gå fram?
Jo, eg følgjer nokre steg,
det går bam, bam, bam.

2. Eg finn det finitte verbet;
det er dét som er bøygt.
Det er dét som har tempus,
notid, fortid, sei det høgt!

3. Notid! Fortid!
Presens, preteritum.
Verbet står på andre plass,
det er dét eg bryr meg om.

4. V2-regelen ruler,
det er lett å forstå.
Finitt verbal på andre plass,
det er lett å sjå.

5. Forfeltet er plassen,
framfor verbet held det til.
Her er plass til eitt ledd berre;
prøv sjølv om du vil.

6. Rett bak verbet står subjektet,
viss det ikkje da står først.
Du kan seie «tørst er eg»,
men også «eg er tørst».

7. Har du verbal og så subjekt,
kan det komme små ord i tal,
«ikkje», «ofte», «sjeldan», «aldri»,
også kalla adverbial.

8. Da har du midtfeltet
med liten v og n og a.
vna-analysen fungerer --
i feltskjema A.

9. Men er det ei leddsetning,
er det n og a og v.
viss du ikkje skjønner,
det er feltskjema B.

10. Sluttfeltet er likt
for skjema A og skjema B.
Stor V og N og A.
Dette er din ABC.

11. På V kan du ha eitt verb
eller kanskje to,
infinitt verbal:
«hadde rodd» eller «skulle ro».

12. Under N finn du objekt,
kanskje eitt, kanskje to;
indirekte, direkte
- eller predikativ -- juhoo!

13. Adverbial kan vi ha fleire,
både måte, tid og stad.
Alt dette er omstende,
«her og no», og «der og da».

14. Har vi ei setning som eit ledd,
kan ho komme heilt til slutt.
Ekstraposisjon er tingen,
ja, det er krut og futt.

15. Lisa gjekk til skolen;
ho har gått og ho skal gå.
No er det ikkje vanskeleg
med ord frå a til å.

16. Utsegn, spørsmål, bydesetning,
kan du analysere viss du vil.
Bruk v n a og n a v.
No kan du få det til.

17. Forfelt, midtfelt, sluttfelt -
forbindarfelt i B.
Subjunksjonar hjelper deg.
Her er ingen akk og ve!

18. Lisa kom frå skolen,
og no er songen slutt.
Subjekt, verbal og andre ledd,
Ja, syntaks, dét er kult!

- Jens Haugan, Høgskolen i Hedmark, www.jenshaugan.com
Spela inn utan mykje planlegging på nokre timar etter jobb, fredag 2.11.2012. :-)
follow us on Twitter      Contact      Privacy Policy      Terms of Service
Copyright © BANDMINE // All Right Reserved
Return to top