Sff: Olav Luksengård Mjelva - Tjednbarden, springar - Video
PUBLISHED:  May 05, 2015
DESCRIPTION:
Springaren Tjednbarden er mykje nytta i Buskerud og Valdres. Slåtten er lett attkjenneleg og i Hallingdal er dette ein av dei få slåttane mest utan ristetak. I Hallingdal er slåtten rekna som ein særs god danselått.

Namnet Tjednbarden skriv seg frå Gol, frå ein gard som elles er kjend som Kinneberg. Slåtten skal vera knytt til denne staden. I Numedal er han kjend som Jarand Surtelia (spela av Olav K. Bratås), og i Valdres under namnet Låtten hass Svein i Sygarde (mellom anna etter Torleiv Bolstad). Slåtten har truleg opphav i nedre Numedal eller i Krødsherad, der den knappaste forma er å finne. I Telemark finst slåtten i tradisjon etter Johannes Dale, som mest truleg fekk slåtten gjennom farfaren Knut Dale, som møtte spelemenn frå Numedal (http://nn.wikipedia.org/wiki/Tjednbarden).

Opptaket ble gjort 4/12-2010.
follow us on Twitter      Contact      Privacy Policy      Terms of Service
Copyright © BANDMINE // All Right Reserved
Return to top