Morgenfugl

Location:
NO
Type:
Artist / Band / Musician
Genre:
Acoustic / Pop
Site(s):
Label:
Cand.web
Type:
Indie
Stemningsfull visepop



Morgenfugl er basert på musikken og tekstane til Magne Velle. Debutplata "Morgenfugl" kom i 2006, med Dorthe Aske på vokal. Ein konsertversjon har sidan 2006 bestått av Torstein Kinn på bass og Anne Marit Fosse Dahle på vokal.



Konsertformatet er akustisk prega, med god plass til Anne Marit sin stemme. Live-versjonen av Morgenfugl er nok meir intim enn plateversjonen sine strykarar, orgel og mange andre instrument. Vi har spelt litt rundt omkring på mindre stader, og høgdepunktet så langt var nok konserten på Josefine visescene 3. oktober 2007. Arrangør Kari Svendsen var svært begeistra, og nokre smaksprøver frå konserten kan høyrast på denne nettstaden. Då hadde vi også gleda av å ha med oss Tom Andreas Kristensen på trommer.



Plata Morgenfugl kom ut i januar 2006, og var eit samarbeidsprosjekt mellom Magne, songar Dorthe Aske og produsentane Helge og Tarjei Nysted. Dei to sistnemnde spelar ei lang rekkje instrument på plata, og medverkar saman med Svein Skulstad (gitar), Tor André Konstali (gitar), Tor Egil Kreken (bass), Torstein Lofthus (trommer), Thomas Hvale (trommer) og Håvard Gryting (koring). Samarbeidet med Dorthe vart avslutta i 2006.



Plata er gitt ut av Magne personleg og distribuert av MUDI/Naxos. Du finn neppe plata i butikken din, men ho kan tingast direkte frå nettet, anten fysisk eller digitalt.
0.02 follow us on Twitter      Contact      Privacy Policy      Terms of Service
Copyright © BANDMINE // All Right Reserved
Return to top